Welcome to our lovely little sauna located by Vangsvatnet in Voss. All info about our saunas can be found on our new website wildsauna.no. If you have used our sauna before you can book the old way with the calendar on this page. Please remember it takes two hours for the sauna to heat up if its not already in use. You must book in advance unless you have seen another group using the sauna before you.
//
Velkommen til den vesle badstova vår nede ved Vangsvatnet på Voss!
Frå innsida kan du nyta utsikta medan du lèt kroppen bli varm og god. Når du kjenner det er på tide med litt avkjøling kan du velja mellom ein dupp i vatnet eller ein forfriskande dusj på utsida.
Korleis fungerer det?
Badstova har 8-drop in plassar. Viss du vil ha badstova for deg sjølv, kan du bestilla den privat. Vi tillèt maks 10 personar dersom du bestiller den privat.
Når du gjer ei bestilling, får du tilsendt ein kode som du kan bruka for å opna døra. Me sørgjer for at badstova er varm når du kjem, slik at du kan byrja opplevinga med ein gong. Badstova har eit lite omkledningsrom, og ein dusj. Du kan bruka toaletta i første etasje på Park Hotel, bruk inngangsdøra som er til høgre når du går ut frå badstova. Ver vennleg og pass på at du er tør og har på deg klede, dersom du går inn på hotellet.
Ver merksam på at badstova står på Park Hotels område og at område rundt vatnet er offentleg plass. Vis omsyn for hotellgjester, lokale og turistar ved å halda støynivå nede og å ta med deg søppel når du forlèt området.
Ver vennleg og les følgjande reglar og bettingelsar:
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.