Velkomen til Varmetanken
Varmetanken er ei badstove og ein sosial møteplass ved Tanken Arena, like ved Ål sentrum. Her kan du senke skuldrene, nyte varmen og ta ein velfortent pause frå kvardagen. Badstova ligg idyllisk til med utsikt mot elva og har plass til inntil 12 personar.
Kom åleine, ta med ein ven eller saml heile gjengen. Varmetanken er open for både fastbuande og tilreisande.
Fellesbadstove – 99 kr per person
På fellesbadstove bestiller du enkeltplass og deler badstova med andre. Kvar økt varer i to timar.
Onsdag kl. 19.00–21.00
Laurdag kl. 16.00–18.00
Søndag kl. 15.00–17.00
Søndag kl. 18.00–20.00
Alle må bestille plass på førehand. Du er like velkomen om du berre vil nyte badstova – du treng ikkje bade i elva.
Privat badstove – 990 kr for to timar
Vil de ha badstova for dykk sjølve? Heile Varmetanken kan bestillast for inntil 12 personar på ledige tider mellom kl. 06.00 og 00.00, utanom dei faste fellesøktene.
Gåvekort
Gje bort eit varmt avbrekk frå kvardagen! Kjøp gåvekort HER.
Bestilling og tilgang
All bruk må bestillast på førehand. Ved privatleige bør du bestille minst éin time før oppstart, slik at badstova rekk å bli varm. På dei faste fellesøktene er ho ferdig oppvarma til økta startar.
Før bookinga startar, får du ein tidsavgrensa tilgangskode på e-post og SMS. Koden bruker du til å låse opp garderoben, som står open gjennom heile bookingperioden.
Nøkkelen til badstova heng på veggen til venstre når du går inn i garderoben. Løft dørhandtaket før du vrir om nøkkelen, både når du låser og låser opp. Etter avslutta økt skal badstova låsast og nøkkelen hengjast tilbake på kroken.
Bookingtida inkluderer omkleding og rydding. Ver ferdig til oppsett sluttid, slik at alt er klart for neste økt.
Vatn og rydding
I badstova står ei bøtte og ei ause. Hent reint ferskvatn frå utekrana ved inngangen til Tanken Arena til bruk på omnen.
Etter bruk skal du tørke opp vassøl og bruke kost og feiebrett ved behov. Ta med alt søppel og personleg utstyr, og lat det vere reint og triveleg for dei neste gjestene. Ved unormal tilgrising kjem eit reinhaldsgebyr på 1 500 kr.
Bading i elva
Det er ikkje dusj ved badstova (kjem snart). All bading og isbading i elva skjer på eige ansvar. Vurder straum, vasstand og isforhold før du badar.
Utstyr til å lage hol i isen står på bakrommet i garderoben og kan lånast. Legg vintermattene tilbake over holet etter bading.
Ta med
Badetøy
To handkle – eitt til å sitje på og eitt til å tørke deg med
Sandalar eller badesko
Pose til vått tøy
Drikkeflaske med vatn
Badstovett
Ver rein før du går inn.
Sit alltid på handkle.
Vis omsyn til andre og hald eit roleg lydnivå.
Spør dei andre før du heller vatn på omnen.
Barn under 16 år må vere i følgje med ein føresett.
Ta med handkleet, legg bort telefonen, pust ut og nyt varmen.
Velkomen i Varmetanken!
Ved å bestille godtek du reglane for bruk av badstova.
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.