Velkomen til Varmetanken
Varmetanken er ei badstove og ein sosial møteplass ved Tanken Arena. Her kan du senke skuldrene, kjenne varmen og ta ein velfortent pause frå kvardagen. Badstova ligg idyllisk til med utsikt mot elva og har plass til inntil 12 personar.
Varmetanken vart etablert med eit ønske om å skape eit enkelt og inkluderande tilbod for både lokalbefolkninga og tilreisande – ein stad der folk kan møtast, slappe av og nyte den gode kjensla ei badstove gir. Enten du ønskjer ei roleg stund, ein sosial kveld med venner eller vil markere eit spesielt høve, er Varmetanken ein god stad å samlast.
Du kan bestille drop-in for 175 kroner per person for 120 minutt. Ønskjer du badstova for deg sjølv og følgjet ditt, kan du bestille heile badstova for 990 kroner (120 min).
Gåvekort kan du kjøpe HER.
Badstova må bestillast på førehand. Bestill helst minst éin time før oppstart, slik at ho rekk å bli varm. Før bookinga startar, får du tilsendt ein tidsavgrensa eingongskode på e-post og SMS. Koden bruker du til å låse opp døra til garderoben. Ver merksam på at garderoben står ulåst gjennom heile bookingperioden.
Nøkkelen til sjølve badstova heng på veggen til venstre når du går inn i garderoben. Når du skal låse eller låse opp, må du løfte dørhandtaket før du vrir om nøkkelen. Hugs å låse badstova og hengje nøkkelen tilbake på kroken etter bruk.
Badstova er varm når du kjem. I badstova står det ein bøtte til vatn. Vatn kan du enten hente i elva eller bruke utekrana ved inngangen til Tanken Arena.
Før du reiser, hugs å tørke opp eventuelt vassøl og bruke kost og feiebrett dersom det er nødvendig. Ta med deg alt søppel og personleg utstyr, slik at det er reint og triveleg for dei neste gjestene. Ved unormal tilgrising blir det lagt til eit reingjeringsgebyr på 1 500 kroner.
Det er ikkje dusj ved badstova, men det er gode moglegheiter for bading i elva. All bading og isbading skjer på eige ansvar. Dersom du skal lage hol i isen, må du sjølv ta med nødvendig utstyr. Hugs å leggje vintermattene over holet etter bading.
Ta med badetøy, to handkle – eitt til å tørke deg med og eitt til å sitje på – sandalar eller badesko, pose til vått tøy og ei flaske med drikkevatn er lurt.
Vi ber alle gjester om å vere reine før dei går inn i badstova, alltid sitje på eit handkle og vise omsyn til dei andre. Hald eit roleg lydnivå, og spør dei andre før du heller vatn på omnen. Barn under 16 år må vere i følgje med ein føresett.
Ta med handkleet, legg bort telefonen, pust ut og nyt varmen og det gode selskapet.
Velkomen til Varmetanken ved Tanken Arena!
Ved å bestille badstova godtek du reglane for bruk.
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.